Etter å ha skrive eit par innlegg i bloggen min, lest andre sine bloggar og kommentert, så tenker eg vel at dette er heilt greit. Endå har eg ikkje heilt det store behovet for å publisera det eg tenker til heile verda, for eg synest ikkje det er så utruleg interessant det eg har å seia. Eg liker eigentleg best å kommunisera direkte med folk. Men det har jo sin sjarm å sjå kva andre tenker om det same emnet eller andre emner då. Drivabloggen,
http://blog.driva.no/cps/etc?template=oversikten er jo ganske interessant, ettersom eg veit kven nokre av dei som skriv er.
Å laga sin eigen blogg, gjekk ganske greit, men eg skulle gjerne hatt instruksjonane på norsk. Dataspråk på engelsk er ikkje mi greie. Harry Potter på engelsk er supert:) Eg er altså ikkje heilt hekta på å skriva til verda endå og har ikkje fått kick av å ha mitt område på det rare, uforståelege nettet. Men kven veit... Sjå kva som skjer!
24 oktober 2006
Abonner på:
Innlegg (Atom)