28 november 2006

Good Bye Lenin - bloggen

http://10goodbyelenin.blogspot.com/

Tysktime

Heisann, midt inne frå ein tysktime.
Me har sett "Good Bye, Lenin", ein kjempefin film frå Tyskland som handler om tida frå hausten 1989-hausten1990. Me blir kjent med ein liten familie rett før Berlinmuren blir opna. Mora fell i koma på veg til feiring av at DDR er 40 år då ho ser at sonen deltek i ein demonstrasjon for å opna grensene i DDR. Etter åtte månader vakner ho, men ho kan ikkje få store overraskingar. Ho veit ikkje at grensene er opna og at det har kome mange vestlege produkt inn i DDR. Sonen Alex bestemmer at dei skal skjula det som har skjedd i samfunnet og innreia leiligheita som før. Me følgjer ein familie i eit samfunn i endring. Filmen er god - eg har sett han tre gonger:)

Me, dvs. eg, har laga ein blog der elevane skal skriva kva dei arbeider med og om framgangen desse to vekene me jobber med oppgåver i tilknytning til filmen. I bloggen ligg lenker til relevante nettsider.

Blir interessant å sjå om det fungerer/er nyttig.

21 november 2006

Tida

Trur eigentleg denne tida bare velter over oss, akkurat som ein tsunami. Ok, kanskje eit for sterkt bilete, men av og til kjennes det slik når oppgåvebunkene (som ikkje er bunker, men som ligg på nett sjølvsagt) blir fleire og fleire og elevane produserer flittig, oppussinga av huset går framover, men så kjem det tusen nye ting ein må ordne og november er snart slutt og eg vil flytte før jul og bake litt og rydde litt og lage album til "litjtøsa" som dei ville sagt her i Rindal og kanskje bare nyte haustmørkret og slappe litt av med ei god bok, men det går ikkje nei, for Kristin synest at me bør blogge ein gong i veka og nå er det ei veke sidan siste dag på samlinga i Trondheim og eg har rukke å vore sjuk, hatt besøk, rive tapet og vore på jobb, så nå må eg blogge så verda blir kjent med meg og mitt. Den tida ja. Det er jo bra at det skjer ting og, viss ikkje hadde det vore keisamt. Det ein ikkje får gjort i dag, må ein gjera i morgon, eller dagen etter det, eller neste veke eller...

Bare legg merke til ein ting: Eg er faktisk ikkje stressa, bare litt trøytt...:)

11 november 2006

Samling

Så sit me her og koser oss med lenker og mykje anna rart. Koseleg å treffe folk på FPPU igjen. Nå blei eg jo inspirert til å oppdatere bloggen min. Men eigentleg er det mykje kjekkare å sjå kva andre gjer...