10 november 2007

Mine kommentarer...

...til mappeoppgåver:
her og her og her og her

...til digital dannelse:
her og her og her og her

...til powerpointpresentasjon:
her og her og her og her

Og alle er meir og mindre interessante å lese. Og eg har leita så godt eg kunne etter dei eg eigentleg skulle kommentere og har bare delvis lukkast i å finne noko.
God helg!

17 oktober 2007

Mappeoppgåve

Mi problemstilling for årets mappeoppgåve er: "Korleis kan eg bruke digitale mapper som lærings- og vurderingsverktøy i tysk på ungdomsskulen?"

Grunn: IKT skal brukast og der eg håper å få jobb, skal det vere god tilgang på PCar. Etter kvart skal alle elevane ha kvar sin. Eg meiner at tradisjonelle prøvar er litt dumt sidan dei ikkje akkurat speglar røynda og eg har hatt lyst til å prøve å arbeide med digitale mapper dei to åra eg har jobba i skulen. Problemet er at det er mykje å planlegge og tenke på og ingen andre lærarar på skulen som bruker det, så vidt eg veit. Difor har eg lyst til å bruke denne oppgåva som grunnlag for framtidig arbeid. Eg tenker at det er mogleg å ha mange ulike arbeid i mappa: skriftlege arbeid, lydopptak, presentasjonar, enkelt-/gruppearbeid...

Det hadde vore kjekt å høyrt erfaringar med bruk av digitale mapper. Eg tenker at det meste bør vere opent. Å ordne det slik i PedIT (LMS på denne skulen) er tungvint (var iallfall då eg gjekk i permisjon), difor lurer eg på å bruke andre organiseringsmåtar. Foreldre må sikkert godkjenne at me bruker opent nett i så fall? Eg må sikkert bruke mykje tid med elevane i forhold til nettvett og organisering. Korleis skal elevane bli flinke til å plukke ut arbeid til vurdering. Kanskje det er lurt å jobbe mykje med respons?

Eg tenker...

08 oktober 2007

Brudeslør


Hei og hopp.
Sidan denne bloggen er litt studie og litt privat kjem eit vel fem år gammalt bilete fordi det er fleire i verda som har lyst til å gjere det heilt fantastiske - nemleg å gifte seg:) Bare så det er sagt: Det er bra å vere gift -og det krever litt innsats. Men så var det dette sløret som kanskje skal lånast bort: sjå på armen min. Der ser ein slike buar. det er med ein eller annan fin tråd, og så er det ei perle kvar gong ein bue slutter/starter. Dette går rundt heile. Sløret er ganske skrukket, men elles utan feil og mangler etter det eg kan sjå.

Helsing Silje:)

PS Dette var det beste biletet eg kunne finne av sløret (men ikkje det beste av oss) og me har ikkje dig.kamera, så eg kunne ikkje stille meg opp til fotografering:)

06 oktober 2007

Digital kompetanse - eit kapittel

Denne posten er ein slags kommentar til kapittel 5 i Ola Erstad si bok: "Digital kompetanse i skolen - En innføring".

Eg meiner at kapittel 5.6. er veldig viktig fordi det seier noko om kvardagen vår. Rammene for faga blir endra når ein bruker IKT. Erstad skriv at "innholdsmessige og faglige utfordringer blir tydeligere". Lesing og skriving er ikkje det same på PC som i bok. Eg har inntrykk av at desse utfordringane og endringane er alt for lite diskutert blant lærarar og at PC blir brukt ganske ukritisk av mange. Kapittelet får oss til å tenke på kva som skjer med faget vårt viss me trekk inn IKT og korleis det er lurt å gjere det - ut frå ein spesifikk fagleg ståstad.

Dei to omgrepa som eg har lyst til å hugse spesielt frå dette kapittelet er omgrep som blir brukt utruleg mykje for tida, men kanskje ikkje alltid reflektert så mykje over:
digital dannelse - ein breiare kulturell kompetanse
- å kunne fungere optimalt i kunnskapssamfunnet
- å kunne forholde seg til dei teknologiske rammene som preger kulturen vår
digital kompetanse - ferdigheiter, kunnskapar og holdningar ved bruk av digitale medier for mestring i det lærande samfunnet

God helg og god natt!

02 oktober 2007

Gummibjørn

Nå tester eg om det virker slik eg har tenkt. Sjekk denne.

24 september 2007

Og bloggen blir studieblogg igjen...

Jepp, då er me i gang. Powerpointpresentasjonen min ligg her. Les og lær:)

Ha ei fin veke!

07 april 2007

Sjuk påske

Jepp, på så mange vis ei sjuk påske. Eg delvis ramma av influensa. Veret delvis ramma av galskap (40 cm snø på nokre få dagar i april). Eg må innrømma at eg liker betre når våren er som far min skildrar i sin blogg. Men det kan jo vere nydeleg her i Rindal og.

Akkurat nå er formen betre. Eg er barnevakt for nevøen min og sjølvsagt for dottera mi. Mann og syster er på påskenattsgudsteneste som eg sjølvsagt skulle vore med og gjort litt i, men fann ut at det var lurast å halda seg inne og prøva å bli frisk.

Påska har vore full av familie. Me har kosa oss. Bergljot og Knut Gunnar kom i palmehelga og reiste tirsdag og så reiste eg og Ragnhild rett til Trondheim for då kom mor, far og Åselena til Marie og Oddgeir. Onsdag kom heldigvis Arne Martin og, så fekk me feira 28-årsdagen hans. Torsdag var det storfeiring: Far blei 50 år:) Dermed er både foreldre og svigerforeldre kome så langt i livet. Han fekk digitalkamera, Nikon D70S. Me føler presset her i Rindal, men økonomien etter huskjøp og oppussing passer ikkje med eit slikt innkjøp, sjøl om me har objektiv frå før. Så me får vel vere tolmodige og vente nokre år. Er litt kresne på slikt. Då eg kjøpte kamera i 2001 var ikkje digitalt speilrefleks eit alternativ for ein student:)

Nå kjem dei heim, så då tar eg kvelden!
God natt!

16 mars 2007

Forandring fryder!

Så var det gjort. Humøret mitt var ikkje knallgrønt lenger.

Eg, jordmor for ein blogg:)

Jepp, Kristin. Nå driv eg på og hjelper lillesyster til å lage blogg. Nå har ho laga han. Ho tilhøyrer dialektgenerasjonen, så nå er det mogleg å sjå korleis folk frå mine kanter skriv dialekt.

God helg så lenge!

03 mars 2007

Sjukt barn

Så sit eg her då, på tredje dagen, med sjukt barn. Stakkars jente. Før ho starta i barnehagen var ho aldri sjuk. Dette skuleåret har ho plukka opp alt:( Burde vel gjort bloggen min kul. Bror min med frue har bytta til blogger. Bloggen deira har blitt mykje betre enn den dei hadde, utan reklame og slikt tull. Det fins folk med digitalkamera og god tid... Det ser faktisk ut at dei nyt tida mens dei har ho. Må bare innrømma at det var godt å vera to og kunne gjera ting saman når ein ville. Men det er jo utruleg morosamt og takknemleg å vere foreldre og. Alle dei gode klemmane og rare utsagna som kjem frå ein toåring:) Medan ho sjuke søv og mannen jobber skal eg prinsipielt sett laga problemstilling til pedoppgåve, retta dativoppgåver, planlegga musikktimar (måtte jo bare ta på meg meir jobb i tillegg slik at 9.klassingane får litt musikk i år...) og gjera huset fint. Tenk at det faktisk er kulare å offentleggjera livet mitt på bloggen enn å starta på alt dette. Er jo godt i gang med klesvasken då og kjenner eg mange av dei utan born i huset rett, så er det vel frukost på programmet om lag på denne tida...

Kvar tid har si sjarm. Dagens visdomsord frå Silje

Og forresten: det er ikkje bare i Norge at influensaen herjer hardt for tida. I Moskva ligg mange sjuke der og. Alt ein får med seg når ein driv med epostkommunisering som lærar...

26 februar 2007

Så e de på an igjen...

Må innrømma at Jan Eggum har treffande tekstar av og til. Eg saknar ikkje heltane, men kor blei vinterferien av??? Tre oppgåver skal startast på og to av dei har ikkje problemstilling endå, retting av saker og ting blei utsatt. Og eg som følte meg flink då eg las 60 pensumsider og ein haug med sider på nett. Klar for skippertak fram til påske sidan to av oppgåvene, sjølvsagt dei to lengste så klart har leveringsfrist/kommentarfrist i slutten av april begge to. Irrgh. Og mannen min prøver å seie at eg ikkje må bli stressa, og eg har jo sagt at eg ikkje skal bli det... Til arbeidet!

16 februar 2007

Familiebilete

Følgjetongen om sundagsskulereklame held fram, her med eit fantastisk familiebilete:)
Familien min er i alle fall interessert. Me håper at hårklipp snart blir prioritert både for den eine og den andre. Juleklippen forsvann i flytting, og nå er det vinterferie! Jippi!!! Ferdig med praksisperioden for denne gong, halvvegs til 100! Resten skal eg ha neste skuleår med ein annan vegleiar og det trur eg blir bra.

Sidan sist er eg på veg inn i politikken og det er jo spanande. Kanskje blir det brakvalg for KrF slik at eg kjem inn i kommunestyret??? Time will show. Eg har blanda kjensler til slikt eigentleg, men det ser jo litt interessant ut viss eg klarer la vere å irritere meg for alt mogleg rart. Mi politiske karriere skal uansett stoppe før Storting og 16-timars dagar:)

God helg!

07 februar 2007

Innsida

Når eg skulle vere flittig student kjem eg sjølvsagt ikkje inn på innsida... Too old timestamp. Haha. Betyr ikkje det at eg liksom har logga på for fleire enn to sekund sidan, eller er engelsken min heilt på styr? Då får eg vere flittig og skrive blogg i staden.

Hadde eg hatt digitalkamera nå, skulle eg tatt bilete av mine fantastiske nybakte boller. Men på internett finn ein alt:) Hugsar ikkje sist eg baka. Har sakna det...

God natt!

04 februar 2007

Ballongslepp


Jepp, det blei ballongslepp og det var litt kult. Eg kosa meg i alle fall. Det var nok mange andre og som syntest at det var litt morosamt, trur eg, men det er vel ikkje fint å legga ut nærbilete av folk utan å spør dei, eller? Og ideen må eg innrømma at eg har lese meg til... Men eg kan vera kreativ av og til:)

Viss nokon nyskjerrige sjeler lurer på korleis mannen min ser ut, så er det han som er på veg mot venstre i biletet i svart jakke og grå bukse. Herr organist faktisk.

Ha ei fin veke!

03 februar 2007

Sprell levende Silje?

Her i Rindal driv me nå på med mykje rart for tida. Dei siste grusomme rekningane etter husoppussing er på plass og skal bli betalt, alt snøen har rasa ned frå taket vårt og rekkverket på verandaen er øydelagt... Men det ordner me vel til sommaren. Me fjerna halvparten av snøen i dag, men verandaen er stor og det regner. Skulle gjerne hatt digitalkamera. For min familie er det jo litt eksotisk når me bare ser snø ut av vindauget...

Men sprell levende ja. Me er mange som har gode minner frå sundagsskule i barndommen, så nå skal det bli sundagsskule i Rindal og. Sjølvsagt må innflyttarsilje dra det heile i gang, så i morgon skal det kastas ballongar frå galleriet i kyrkja:) Opplegget til Norsk Søndagsskoleforbund heiter nemleg Sprell levende, og då må ein jo finna på noko rart. Informasjon om sundagsskulane skal ligga inni ballongane. Eg gler meg til å sjå fjesa til sindige rindalingar:)

God helg!

27 januar 2007

Endeleg!

Endeleg blogger eg igjen! Skifta til ny versjon her ein kveld og det var visstnok ok, men så plutseleg starta administratorane over havet og gjera eit eller anna slik at blogger var nede, så eg fekk ikkje sett kommentarene eg har fått sidan sist og ikkje skrive ny blogg. Då blei eg sur. Eg skulle jo endeleg vera flink.

Sidan sist har det skjedd mykje rart i livet mitt. Det blir ein altfor lang post å skriva om det, men om dei koselege elevane mine går det jo an å fortelja. Sjå artikkel om ein annleis tysktime.

God helg!