26 februar 2007
Så e de på an igjen...
Må innrømma at Jan Eggum har treffande tekstar av og til. Eg saknar ikkje heltane, men kor blei vinterferien av??? Tre oppgåver skal startast på og to av dei har ikkje problemstilling endå, retting av saker og ting blei utsatt. Og eg som følte meg flink då eg las 60 pensumsider og ein haug med sider på nett. Klar for skippertak fram til påske sidan to av oppgåvene, sjølvsagt dei to lengste så klart har leveringsfrist/kommentarfrist i slutten av april begge to. Irrgh. Og mannen min prøver å seie at eg ikkje må bli stressa, og eg har jo sagt at eg ikkje skal bli det... Til arbeidet!
16 februar 2007
Familiebilete
Følgjetongen om sundagsskulereklame held fram, her med eit fantastisk familiebilete:)
Familien min er i alle fall interessert. Me håper at hårklipp snart blir prioritert både for den eine og den andre. Juleklippen forsvann i flytting, og nå er det vinterferie! Jippi!!! Ferdig med praksisperioden for denne gong, halvvegs til 100! Resten skal eg ha neste skuleår med ein annan vegleiar og det trur eg blir bra.
Sidan sist er eg på veg inn i politikken og det er jo spanande. Kanskje blir det brakvalg for KrF slik at eg kjem inn i kommunestyret??? Time will show. Eg har blanda kjensler til slikt eigentleg, men det ser jo litt interessant ut viss eg klarer la vere å irritere meg for alt mogleg rart. Mi politiske karriere skal uansett stoppe før Storting og 16-timars dagar:)
God helg!

07 februar 2007
Innsida
Når eg skulle vere flittig student kjem eg sjølvsagt ikkje inn på innsida... Too old timestamp. Haha. Betyr ikkje det at eg liksom har logga på for fleire enn to sekund sidan, eller er engelsken min heilt på styr? Då får eg vere flittig og skrive blogg i staden.Hadde eg hatt digitalkamera nå, skulle eg tatt bilete av mine fantastiske nybakte boller. Men på internett finn ein alt:) Hugsar ikkje sist eg baka. Har sakna det...
God natt!
04 februar 2007
Ballongslepp

Jepp, det blei ballongslepp og det var litt kult. Eg kosa meg i alle fall. Det var nok mange andre og som syntest at det var litt morosamt, trur eg, men det er vel ikkje fint å legga ut nærbilete av folk utan å spør dei, eller? Og ideen må eg innrømma at eg har lese meg til... Men eg kan vera kreativ av og til:)
Viss nokon nyskjerrige sjeler lurer på korleis mannen min ser ut, så er det han som er på veg mot venstre i biletet i svart jakke og grå bukse. Herr organist faktisk.
Ha ei fin veke!
03 februar 2007
Sprell levende Silje?
Her i Rindal driv me nå på med mykje rart for tida. Dei siste grusomme rekningane etter husoppussing er på plass og skal bli betalt, alt snøen har rasa ned frå taket vårt og rekkverket på verandaen er øydelagt... Men det ordner me vel til sommaren. Me fjerna halvparten av snøen i dag, men verandaen er stor og det regner. Skulle gjerne hatt digitalkamera. For min familie er det jo litt eksotisk når me bare ser snø ut av vindauget...
Men sprell levende ja. Me er mange som har gode minner frå sundagsskule i barndommen, så nå skal det bli sundagsskule i Rindal og. Sjølvsagt må innflyttarsilje dra det heile i gang, så i morgon skal det kastas ballongar frå galleriet i kyrkja:) Opplegget til Norsk Søndagsskoleforbund heiter nemleg Sprell levende, og då må ein jo finna på noko rart. Informasjon om sundagsskulane skal ligga inni ballongane. Eg gler meg til å sjå fjesa til sindige rindalingar:)

Abonner på:
Innlegg (Atom)