25 september 2006

Pedagogisk bruk av IKT

-hm, dette kan jo bli nyttig, men kva er det?, tenkte eg då eg såg at eg skulle ha dette faget.
Håper den ansvarlege har peiling og veit kva han vil slik at me ikkje må læra oss word... Håper at eg kan lære meg litt meir om å bruke IKT, bli betre sjølv.
Håper eg kan oppdage noko nytt og spanande som passer til det å lære tysk og kommunisere med andre.
Håper at mine medstudentar som kanskje har lærarerfaring kan kome med nyttige tips til det å integrere IKT i undervisninga.

Er blogg nyttig eller bare eit egosentrisk verktøy for å få lov til å uttrykke eigne meiningar i fred og ro?
Kanskje eg kan bruke blogg i undervisninga?
Kanskje elevane mine kan begynne å blogge på tysk?
Kanskje 9.klassingane kan bruke blogg i e-mailprosjektet sitt? Skrive på tysk og la partnarane i Moskva kommentere det?
Kanskje blogg kan få nokon til å skrive friare?
Kanskje blogg kan vere eit lurt verkemiddel for å få elevar til å uttrykke eigne meiningar i til dømes samfunnsfag/religion?
Kanskje det å ha ein blogg kan lære nokon folkeskikk?

Eg trur kanskje at blogg er kult. Eg trur kanskje at dette faget kan bli nyttig.

19 september 2006

Ting tar tid

Nå har eg faktisk, på tross av dårlege engelskkunnskaper funne ut korleis eg skal legge inn lenkar. Det er bare det at det virka bare med den eine. Hm. Blir litt rive mde av dette her og vil jo ordne litt på denne sida. Skal snart byrje å skrive noko meiningsfylt og, men det har eg ikkje tid til nå. Middag skal lagast på 7 minutt :)
Bis später! (=snakkes seinare (sånn cirka))

05 september 2006

Hei og hå.

Nå har eg ein blogg:-) Må gå på møte, men det blir vel meir skriving snart.