25 september 2006

Pedagogisk bruk av IKT

-hm, dette kan jo bli nyttig, men kva er det?, tenkte eg då eg såg at eg skulle ha dette faget.
Håper den ansvarlege har peiling og veit kva han vil slik at me ikkje må læra oss word... Håper at eg kan lære meg litt meir om å bruke IKT, bli betre sjølv.
Håper eg kan oppdage noko nytt og spanande som passer til det å lære tysk og kommunisere med andre.
Håper at mine medstudentar som kanskje har lærarerfaring kan kome med nyttige tips til det å integrere IKT i undervisninga.

Er blogg nyttig eller bare eit egosentrisk verktøy for å få lov til å uttrykke eigne meiningar i fred og ro?
Kanskje eg kan bruke blogg i undervisninga?
Kanskje elevane mine kan begynne å blogge på tysk?
Kanskje 9.klassingane kan bruke blogg i e-mailprosjektet sitt? Skrive på tysk og la partnarane i Moskva kommentere det?
Kanskje blogg kan få nokon til å skrive friare?
Kanskje blogg kan vere eit lurt verkemiddel for å få elevar til å uttrykke eigne meiningar i til dømes samfunnsfag/religion?
Kanskje det å ha ein blogg kan lære nokon folkeskikk?

Eg trur kanskje at blogg er kult. Eg trur kanskje at dette faget kan bli nyttig.

4 kommentarer:

Hege:) sa...

Hei Silje.
Bra blogg du har da! Jeg finner ikke min egen under linkene på pedblogg-siden, men det er ikke sikkert Kristin har lagt den ut. Det ser nemlig ut til at jeg kommer til å overføres til matematikk fagdid.
Lykke til videre med bloggen; jeg kommer til å prøve å følge med d

rrg sa...

Kommentarer til Sijes blogg om Pedagoisk bruk av IKT. Når jeg leser siljes blogg blir jeg bevisst hvilket flott verktøy dette kan være i språkundervisning. Spesielt tenker jeg på at norske elever kan ha en mulighet til å kommunisere på fremmedspråk med andre skoleelever i hele verden på engelsk, tysk, spansk eller hva som helst. Implisitt i dette ligger det også selvfølgelig enorme muligheter innen samfunnsfagene

Sigrid sa...

Eg synast at du har mange spanande tankar om bruk av IKT i skulen. Eg har fleire vennar her i England som er lærarar, og dei kan fortelje at fleire klasser brukar IKT i språkundervisninga. Dei kommuniserar med klasser i Spania og Tyskland, og elevane elskar det. Motivasjonen for læring av språk har auka veldig. Elevane får føle på kroppen kor viktig det er å kunne kommunisere med andre. Og ingenting er vel betre enn det?

Silje sa...

Hei Sigrid.
Er i gang med eit prosjekt i 9.klasse. Mine elevar har skrive eit brev til elevar i Moskva og fått eit tilbake - på tysk. Dei har gjort ein kjempebra innsats med det første brevet og alle leverte på tida og er kjempespente. Utruleg kjekt å vere lærar då. Dei har jo bare hatt tysk i eitt år:)