Så sit eg her då, på tredje dagen, med sjukt barn. Stakkars jente. Før ho starta i barnehagen var ho aldri sjuk. Dette skuleåret har ho plukka opp alt:( Burde vel gjort bloggen min kul. Bror min med frue har bytta til blogger. Bloggen deira har blitt mykje betre enn den dei hadde, utan reklame og slikt tull. Det fins folk med digitalkamera og god tid... Det ser faktisk ut at dei nyt tida mens dei har ho. Må bare innrømma at det var godt å vera to og kunne gjera ting saman når ein ville. Men det er jo utruleg morosamt og takknemleg å vere foreldre og. Alle dei gode klemmane og rare utsagna som kjem frå ein toåring:) Medan ho sjuke søv og mannen jobber skal eg prinsipielt sett laga problemstilling til pedoppgåve, retta dativoppgåver, planlegga musikktimar (måtte jo bare ta på meg meir jobb i tillegg slik at 9.klassingane får litt musikk i år...) og gjera huset fint. Tenk at det faktisk er kulare å offentleggjera livet mitt på bloggen enn å starta på alt dette. Er jo godt i gang med klesvasken då og kjenner eg mange av dei utan born i huset rett, så er det vel frukost på programmet om lag på denne tida...
Kvar tid har si sjarm. Dagens visdomsord frå Silje
Og forresten: det er ikkje bare i Norge at influensaen herjer hardt for tida. I Moskva ligg mange sjuke der og. Alt ein får med seg når ein driv med epostkommunisering som lærar...
03 mars 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Go dag!
Håbe formen e bedre oppe i sjå dåkke! Her går d bare bra! e litt trøtte. Sto opp i 8 tiå får å prøva å få me meg reprisen av fem milå, så så klart jekk på nrk2.. D får kje me inn. Men men. Har vore å trent nå faktisk, så nå e eg ennå trøttare!! Blir å slappa av i dag! Me må kanskje på ein t leir i påsken, men me får sjå koss d blir.
Mvh Lars
Go kveld! Håpe det står bedre te ja.. Har kje blitt møje trening dei siste vekene, desverre. Så spørst om eg må utsetta oppfølgingstimen ei veka. Eg skal trene i morgon har eg planar om. Så det blir flott! =) Glede meg te å få besøk til helga! Mvh Marie
Legg inn en kommentar