Heisann, midt inne frå ein tysktime.
Me har sett "Good Bye, Lenin", ein kjempefin film frå Tyskland som handler om tida frå hausten 1989-hausten1990. Me blir kjent med ein liten familie rett før Berlinmuren blir opna. Mora fell i koma på veg til feiring av at DDR er 40 år då ho ser at sonen deltek i ein demonstrasjon for å opna grensene i DDR. Etter åtte månader vakner ho, men ho kan ikkje få store overraskingar. Ho veit ikkje at grensene er opna og at det har kome mange vestlege produkt inn i DDR. Sonen Alex bestemmer at dei skal skjula det som har skjedd i samfunnet og innreia leiligheita som før. Me følgjer ein familie i eit samfunn i endring. Filmen er god - eg har sett han tre gonger:)
Me, dvs. eg, har laga ein blog der elevane skal skriva kva dei arbeider med og om framgangen desse to vekene me jobber med oppgåver i tilknytning til filmen. I bloggen ligg lenker til relevante nettsider.
Blir interessant å sjå om det fungerer/er nyttig.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Så tøft Silje!
Det blir kjempespennende å høre hvordan det går. Hvor lager dere blogg? Gjennom "blogger" sånn som vi gjør? Har lyst å høre mer om dette!
Ja, det høres spennende ut, det du gjør.
Var filmen vanskelig for klassen, var den tekstet norsk?
Håper også at du holder oss fellow-bloggere oppdatert.
Helen
Hei og hå. Me laga ikkje andre bloggar enn min. Eg skulle bare sjekka om dei blei meir disiplinerte av å måtta skriva kva dei dreiv på med... Og så tenkte eg at dei kunne legga lenkene dei fann slik at andre med same emne kunne få litt hjelp, men dei var ikkje så snille med kvarandre:( Bare ein test på ei kort oppgåve. Mange gonger får eg ein ide, og så gjer eg det. Slik var det her.
Filmen var ganske vanskeleg og teksta på tysk. For den 10.klassen eg hadde i fjor gjekk det bra. Dei såg han bare utan å arbeida med han. Men det er utruleg mange ting som folk som veit lite om DDR, BRD, die Wende osv. ikkje forstår. Eg håper at dei fekk litt innblikk i historia. Eg syns som sagt at det er utruleg spanande at to totalt ulike system skulle bli eitt... Dei strever jo litt endå då.
Silje
Legg inn en kommentar